Jaktcruise på Eikedalsvatnet 25. mai

mardolaferga_1_0.jpg

Nesset Fjellstyre arrangerer også i år jaktcruise på Eikesdalsvatnet med MS Mardøla. Datoen er bestemt til fredag 25. mai kl. 1930 med start frå fergekaia på Øverås. I år er vi så heldige at naturfotograf Terje Sylte vil koma og vise oss nokre av sin fantastiske naturbilder frå heile verda, m.a store elger frå Alaska, brølande kronhjorter og gauper frå Nesset. Terje har vunne Norgesmesterskapet i naturfoto samanlagt og med årets bilde i samme konkurranse. Han vil fortelje korleis han lukkast med sine prosjekt, og korleis dette kan brukast både på jakt og ikkje minst bak kamera.

På jaktcruiset vil det og m.a. vere loddsal på reinskort, quiz og trekking av reinskorta til jakta på Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Det vert servering av grillmat med dessert og kaffi. Pris for heile cruiset inkl. mat kr. 350. Påmelding til Nesset Fjellstyre mob: 41417374, eller e-post: nesset@fjellstyrene.no Ferga legg til kai igjen omlag kl. 23.

Gasta Design