Småviltjakt

Det er VEDTATT FREDNING FOR RYPA på Eresfjord og vistdal statsallmenning i 2023

Jaktreglar

Lirypa er freda, sjå kartskisse på kortsalg-siden på inatur.

Jakttida for fjellrype og hare er frå og med 16. sept. til og med 23.des i 2024.

"Bag limit" to ryper pr. dag.

Maks 10 ryper per individuelle jeger i 2024.

Alle jegerer må ha betalt jegeravgift.
Unntak for born mellom 14 – 16 år under opplæring. Dei kan delta i småviltjakt med gevær, dersom dei er under oppsyn av erfaren jeger over 20 år. Denne må ha betalt jegeravgift, og ha jakta i minimum 3 år.

Alle jegerar må ha løyst jaktkort utstedt av Eresfjord og Vistdal Fjellstyre.

Til småviltjakt er det berre lov å bruke haglegevær med inntil 2 skot, og rifle.

Det er ikkje lov å jakte frå bil, båt, eller andre motoriserte kjøyretøy.

Den som skal jakte er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert på gjeldande reglar for jakttider, våpen og ammunisjon.

Fangstrapportering

Som ein del av arbeidet med forvaltninga av småviltet ynskjer Eresfjord og Vistdal Fjellstyre tilbakemelding på resultatet av jakta. Vi ber om at du returnerer jaktkortet med opplysninger om fangst, tal dagar jakta og i kva område du har jakta. Av dei innsendte fangstoppgåvene vert det trekt eit gåvekort på kr. 500,-.

Kjøp småviltkort

I Eresfjord og Vistdal Statsallmenning finn ein mest fjellrype og skogsrype, men der er og ein del hare. Vestsida av Aursjøen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen er gode jaktområde.

Kort kan kjøpes nedenfor

Jakt med hund

Arealet for jakt med hund er normalt avgrensa til lirypehabitat tre område aust, vest og nord for Aursjøen.

For 2024 er dette området fredet for jakt med bakgrunn i takseringsresultat.

Prisar

Det blir ikkje kortsalg i 2024.