Om oss

 

Eresfjord og Vistdal Fjellstyre forvaltar Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, i alt 214 km2 høgfjell i Molde kommune, Møre og Romsdal fylke. Statsallmenninga grenser til Eikesdal Sameige på begge sider av Eikesdalen, Vike og Hoem Heimraster og mot Rauma, Sunndal og Lesja kommuner.

Verneområde
Statsallmenninga er verna gjennom Dovrefjell/Sunndalsfjella Nasjonalpark, Dalsida og Eikesdalsvatnet Landskapsvernområder og Torbudalen og Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen biotopvernområder. Hovedformålet med vernet er å ivareta reinen og reinen sine leveområder.

Fauna og kulturminner
Området har eit rikt fugle- og dyreliv, og mange gode fiskevatn. Villrein kan ein treffe på overalt, og er ein heldig kan ein sjå moskus, fjellrev og jerv.  Området er rikt på gamle kulturminner frå jakt og fangst. Arkeologar har stadfesta at dei fyrste menneska som busette seg i landet vårt jakta rein her for om lag 11.000 år sidan.

Klima
Landskapet er dominert av tørt klima med kupert høgfjell i sør, medan det mot nord er meir kystlandskap med høge tindar, bratte fjellsider, isbrear og meir nedbør. Ved Aursjøen fell det omlag 660 mm nedbør i året.

Adkomst
Ein kan koma inn i fjellområdet via Aursjøvegen frå Eikesdal til Sunndal, eller anleggsvegen frå Stuguflåten til Mardalsbotnen. Vegane er opne frå 1. juni til 30. november, men om hausten kan vegane verta stengt tidligare på grunn av snøfall.

 

styremedlemmar 2024-2027

 
 

 Litt meir om oss

Fotoutstilling ved Aursjøen
Etter Aurautbygginga på 1950- talet overtok Eresfjord og Vistdal Fjellstyre ei anleggsbrakke ved Aursjøen. Den er i tilnærma original stand. Eresfjord og Vistdal Fjellstyre har her laga ei fotoutstilling som syner aktivitet i og kring Aursjøen frå steinalder fram til moderne tid. Vi kan nemna steinalderbuplassar, jakt- og fangstaktivitet, seterdrift, turistferdsle og kraftutbygging. Brakka står open, gratis adgang.

Jakt og Fangst i Nesset
Eresfjord og Vistdal Fjellstyre står som utgjevar av boka "Jakt og Fangst i Nesset". Boka er på 304 sider, og omtalar mellom anna reinsjakt, hjortejakt, småviltjakt og fellefangst frå steinalder fram til vår tid. Her er og artiklar om jakt under siste verdenskrig, om rovdyrjakt og om dei fyrste kvinnene som jakta i Nesset. Boka er framleis til salgs, pris kr. 150 + eventuell frakt. Kontakt Nesset Fjellstyre.

Eresfjord og Vistdal Fjellstyre - Fjellova - Statskog
Eresfjord og Vistdal Fjellstyree vert valgt av Nesset Kommunestyre for 4 år. Styret forvaltar Statsallmenninga gjennom Fjellova, og representerer brukarinteressene i fjellet. Statskog SF er grunneigar