Alvsetra 2006 Foto Dag Ringstad.JPG

Jordbruk

I Eresfjord og Vistdal Statsallmenning er det ikkje lenger seterdrift. Tidligare var det ei sæter ved Stordalskulpen som vart driven av bønder frå Eikesdal. Sætra var lagt ned kring år 1900. Bua står framleis. Ved nordenden av Aursjøen dreiv bønder frå Lesja sætrane Buvollen og Alvsætra. I samband med Aurautbygginga vart desse neddemt i 1954. Enno kan ein sjå murane etter sæterbuene når Aursjøen er nedtappa. I dag er det kun sauer frå Eikesdal og Lesja som beitar i statsallmenninga.