Fiske 

Både i Aursjøen og i vatna i Stordalen, Sandgrovbotnen og Mardalsbotnen kan ein få stor og fin fisk. I dei fleste vatn finn ein aure, medan det i Aursjøen og er harr. Stordalen er ypperleg for flugefiske.


Fiskereglar

Det er lov å fiske med stang og handsnøre i alle vatn heile året, også isfiske.  Det er og lov å sette ut krokar for fangst over natta.

Det er lov å fiske med garn (settegarn) og oter frå 1. juni til 15. september.

På grunn av smittefare er det kun lov å bruke meitemark og magot som levande agn.

Alt fiske krev gyldig fiskekort. Kort må kunne synast fram ved kontroll. Born under 16 år har rett til gratis fiske med stang, handsnøre og oter.

Bruk av båt med motor er lovleg på Aursjøen.

Utanlandske statsborgarar kan berre fiske med stang.

Minste maskevidde i Aursjøen er 39 mm, elles fri maskevidde. I 2022 skal eit av tre garn i Aursjøen ha 39 mm maskevidde, i 2023 to av tre garn. I 2024 alle garn. Eit garn er inntil 25 m langt, og inntil 2 m djupt.

Garn skal vere merka med namn og telefonnummer.

Fiske med garn er forbode i elver, loner og bekker, og nærare enn 50 m frå inn- og utløpsoser.

Fiskarar med adresse Eikesdal, Eresfjord, Vistdal og Bugge, og som har vore busett der siste året, får fiske med fritt tal garn i alle vatn. Andre fiskarar 3 garn pr. person. I Aursjøen får alle fiske med fritt tal garn.


Fangstrapportering

Som ein del av forvaltinga, vert det kvart år sett ut fleire tusen fiskar. Eresfjord og Vistdal Fjellstyre tilbakemelding på resultatet av fisket. Vi ber om at du sender fangstoppgave til Inatur.no, eventuelt til Eresfjord og Vistdal Fjellstyre, 6470 Eresfjord, e-post: eresfjord.vistdal@fjellstyrene.no, sms: +47 90 68 98 28 (oppgi kortnummer). Av dei innsendte fangstoppgåvene vert det trekt eit gåvekort på kr. 500,-.

Kjøp fiskekort