Ungdomsgaranti, reinsjakt

16.09.10_spel_moskus_reinsjakt_005.jpg

Som eit tiltak for å auke rekruteringa av yngre jegerar har Nesset Fjellstyre gjort vedtak på at alle godkjente fyrstegangsjegerar, til og med det året dei fyller 20 år, skal få tildelt eit reinskort på kalv i Snøhetta vest.

Dette under føresetnad av at dei ikkje vert trekt ut med anna kort under ordinær trekking.

Nesset Fjellstyre gjorde eit liknande vedtak for 12 år sidan, men då skjedde den store rasulukka ved Svarthøa der ein stor del av reinsstamma i Snøhetta vest omkom. Den garantien vart det ikkje råd å gjennomføre då. No har reinsstamma igjen kome opp på normalt nivå, og styret ynskjer igjen å setje i gang dette tiltaket. 

Gasta Design