Kvoter reinsjakta 2018

hytte_stordalen_jovollen_hans.png

På årsmøtet i Snøhetta villreinutval på Kavlimoen i Eresfjord gjorde utvalet vedtak på at reinskvoten på vest i år vert på 400 dyr. Dette er ei dobling frå 2017. Årsaka til dette er at ved totaltelling i vinter vart det funne 814 dyr på vest. Dette er i samsvar med driftsplanen. Ved 50 % felling og ein normal kalvetilvekst vil ein halde stamma på vest i balanse. På aust vart det funne berre 1483 dyr, det er omlag 500 dyr mindre enn venta. Kvoten vart difor sett ned frå 1000 dyr til 950 dyr.

Årsmøtet vedtok og at reinsjakta skal vare frå og med 20. august til og med 16. september. Det vert heller ikkje i år jaktsamarbeid med opne grenser mellom alle jaktfelta siste veka i jakta. For Nesset Fjellstyre sin del så har vi i dag gode jaktavtalar med dei fleste rettshavarane både på vest og aust.

På aust vert det same grensene på det indre felles jaktområdet, men det må gåast frå eige jaktområde den fyrste veka. Ved kontroll av jegere på tur inn i indre felles jaktområde før 27.8 ifrå ei anna kommune enn kvar jegeren kjem frå vil medføre at kortet vert fråtatt på staden.

Nytt av året er og at jegeren skal rapportere resultatet av jakta til settogskutt.no. Det skal og takast prøver av alle dyr eldre enn 1 år i samband med overvakinga av skrantesjuke (CWD). Snøhetta Villreinutval har og auka satsane på gebyr dersom nokon skyt feil dyr.

Gasta Design