Felling i Nesset Villreinfelt

Nesset Villreinfelt som representerer alle rettighetshavarane i gamle Nesset kommune hadde under reinsjakta 2020 samla ei felling på 42,5 %. Det er betre enn i 2019 som var eit år med svært dårleg felling. I alt vart det skote 77 av 181 dyr. Det er ein auke 35 fleire felte dyr enn i 2019. Eresfjord og Vistdal Statsallmenning hadde ei felling på 37,9 %, Eikesdal Sameige 59,7 %, Vike og Hoem Heimraster 10,0 % og Øverås og Nerås Grunneigarlag ei felling på 28,6 %. Frå jaktstart 20. august til søndag 23. august vart det felt 30 dyr. 62 % av alle dyra vart felt i august.

DSCN5158.JPG
Åshild G. Rye