Måndaling fann 100 års gåva.

Ole Andre Orvik frå Måndalen fann 100 års gåva som Eresfjord og Vistdal Fjellstyre hadde gøymt. I samband med at Fjellstyra i Norge er 100 år har alle Fjellstyra gøymt ei eske i kvar statsallmenning. Finnaren av eska får fiske gratis med stong i statsallmenninga i 100 år. Den heldige finnaren fann eska ved Stordalskulpen rett nord for Aursjødemninga. Orvik har hytte ved Aursjøen og får sikkert mykje glede av gåva. Gratulerer.

orvik.jpg
Åshild G. Rye