Auka satsing på rekruttering

Eresfjord og Vistdal Fjellstyre vil auke innsatsen for rekruttering av nye jegerar. Som eit ledd i dette har fjellstyret gjort vedtak på at erfarne jegerar som vil ta med seg ein fyrstegangsjeger, uansett alder, på reinsjakt får tildelt eit gratis kalvekort. Dette må avklarast før jakta, og begge jegerane må vere busatt i Eresfjord, Vistdal, Bugge eller Eikesdal. Frå før har fjellstyret eit vedtak på at alle ungdomar under 20 år får kr. 1000 i tilskot dersom dei tek jegerprøva. Sameleis er alle fyrstegangsjegerer under 20 år garantert å få tildelt minst eit kalvekort ved trekking av jaktkort. Fjellstyret har gjort vedtak på at det skal utarbeidast ein 5 års handlingsplan for korleis ein skal auke rekrutteringa.

DSCN5046.JPG
Åshild G. Rye