Vedtak om endring av konsesjonsvilkåra for Aura-reguleringa.

Endring av konsesjonsvilkåra for Aura-reguleringa har passert statsråd. Det vert ikkje stilt krav om minstevassføring i Aura, men krav om å lette oppgangen av fisk til Litlevatnet. Når det gjeld Aursjøen vert det stilt krav om at det skal gjerast tiltak for meir naturleg gyting i sidebekkane til Aursjøen. Det vert ikkje stilt krav om terskel ved Gautsjøen slik at reinen kan vandre mellom Snøhetta aust og vest. Det skal likevel opprettast eit fond på 10 mill. kr. til forskning på villrein i området for å betre kunnskapsnivået om reinen og kva som kan gjerast av tiltak. Ut frå den forskninga kan NVE krevje at Stakraft gjennomfører tiltak seinare. Torbuhalsen er tatt fram som viktig trekkvei og at den må det rettast søkelys mot. Link til vedtaket finn du under.

  https://www.regjeringen.no/contentassets/a7e59a3623c24a95a78161d52c6beb09/20210623-kgl.res.-statkraft-energi-as-revisjon-av-konsesjonsvilkar-for-aurareguleringen-molde-sunndal-og-lesja-kommuner.pdf

DSC_0022.JPG
Åshild G. Rye