Fangstrapportering fiske

Statkraft set kvart år ut 10 000 ørretsmolt i Aursjøen. Fiskane er to-årige og omlag 20 cm lange. Dette som ein del av konsesjonskrava i samband med Aura-utbygginga. Alle desse fiskane har klipt fettfinne. Sjå bilete. Det er viktig at fiskarane i sine fangstrapportar melder frå kor mange av fiskane dei har fått som er fettfinneklipt. Dette for å sjå om utsettingane fungerer, og for å sjå kor stor del av fisken som er naturleg gytt. I 2020 var omlag 10 % av fiskane fettfinneklipt. Av ulike årsakar har Statkraft hatt problem med å setje ut så så mange fiskar som konsesjonskravet tilseier, men desse problema skal no vere løyst. Vi vil med fangstrapportane sjå om prosentandelen fisk frå klekkeriet aukar.

fettfinneklipt fisk – Kopi.jpg
Åshild G. Rye