villreinjakt

Alle som er registrert i folkeregisteret som busatt i gamle Eresfjord og Vistdal kommune pr. 1. november året før er søknadsberettiga til reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Søknadsfrist 1. mai.

Fyrstegangsjegerar er garantert eit kalvkort, dersom dei ikkje får større kort ved ordinær trekking.

Ein kan i 2024 kun søkje på reinsjakt i Snøhetta aust.

Eresfjord og Vistdal Fjellstyre har jaktavtalar med Sunndal, Lesja og Rauma, dessutan Eikesdal Sameige, Øverås og Nerås grunneigarlag og Vike og Hoem Heimraster.

I Eresfjord og Vistdal Statsallmenning er det høve til å danne jaktlag på 4 jegerar.

Alle kort som Eresfjord og Vistdal Fjellstyre sel i Snøhetta aust har eit prisavslag på kr. 500 kr. i høve til prisane i Snøhetta vest.