Søknadsfristen for reinsjakta 2018 vert endra

pause-reinsjakta.jpg

Nesset Fjellstyre har på styremøte 24. oktober 2017 gjort vedtak om at søknadsfristen for reinsjakta 2018 vert 1. MAI. Tidligare har søknadsfristen vore 1. juni.

Nesset Fjellstyre har gjort dette vedtaket for at det skal vere same søknadsfristen som i dei andre fjellstyra i Snøhetta. Ein jeger som søkjer på reinskort fleire stader kan då betre vurdere kva kort ein ynskjer å ta ved. Jegerar som får tildelt kort får og betre tid til å ta skyteprøva. Nesset Fjellstyre voner med dette og at vi slepp å bruke so mange av dei søkjarane som står på reserveliste.

Gasta Design