Fellingsresultat reinsjakta 2017

fellingsresultat-reinsjakta.jpg

Fellingsresultatet for reinsjakta 2017 i Snøhetta er klar. I heile Snøhetta vart det felt 620 dyr av ein kvote på 1200 (1000 dyr på aust, 200 dyr på vest). Det gir ein fellingsprosent på 51,67 %.

I Snøhetta aust var fellingsprosenten 52,50 % (525 dyr) medan den i Snøhetta vest vart 47,50 (95 dyr). Dersom ein går inn på kvar enkelt kommune ser ein at på vest vart fellingsprosenten 38,46 % (10 dyr) i Sunndal, 40,00 % (12 dyr) i Rauma, 44,44 % (32 dyr) i Lesja og 55,07 % (38 dyr) i Nesset. På aust vart fellinga 60,46 % i Oppdal, 46,61 % i Sunndal, 50,95 % i Lesja, 58,33 % i Dovre og 33,33 % (2 dyr) i Nesset. Av dei 95 dyra som vart felt på vest var det 25 vaksne bukkar, 32 vaksne simler, 9 ungbukkar, 3 ungsimler, 15 bukkekalvar, 11 simlekalvar.

Gasta Design