Søknadsfrist reinsjakt 1. mai.

Søknadsfrist for reinsjakt i Eresfjord og Vistdal Fjellstyre er 1. mai. Alle som var busatt i gamle Eresfjord og Vistdal kommune (Eikesdal, Vistdal, Bugge og Eresfjord) kan søkje. Søknadsskjema finn de på vår heimeside under fanen villreinjakt. Søknadsskjema finn de og på Coop-Eresfjord, Vistdal S-lag, Nikolai Finset og Knut Arne Bugge.

Minner om at alle fyrstegangsjegerar under 20 år er garantert eit kalvekort dersom ein ikkje vert trekt ut med større kort under ordinær trekking. Vi søkjer og etter fadderar som kan ta med seg ein fyrstegangsjeger på jakt. Dei som er fadder får eit gratis kalvekort.

Reinsbukk. Foto Dag Ringstad.JPG
Åshild G. Rye