Historisk møte i Eresfjord og Vistdal Fjellstyre, kvinnefleirtal

Eresfjord og Vistdal Fjellstyre har eit styre på tre menn og to kvinner. På styremøte 26.1.2021 melde to av dei mannlege styremedlemmane på kort varsel at dei ikkje kunne kome på møtet. Styret var likevel vedtaksfør og for fyrste gang i fjellstyret si omlag 100 årige historie var det eit styremøte med kvinnleg fleirtal. Leiar Nikolai Finset takla det godt sjølv om Elin Ulateig Austigard og Toril Melheim Strand jublar over eit historisk møte.

Asbjørg Helde i Eresfjord søkte i 1948 om jaktkort på rein i Eresfjord og Vistdal Fjellstyre. Søknaden vart reven i to og kasta i omnen. Astrid klaga heilt til Landbruksdepartementet og året etter fikk ho medhald i klagen. Ho kunne ikkje nektast kort avdi ho var kvinne. Gunnhild Austlid Oppigard vart i 1990 vald inn i fjellstyret som fyrste kvinne. To år etter vart ho vald inn i styret i Norges Fjellstyresamband.

Kvinnestyre.jpg
Åshild G. Rye