Nesset fjellstyre tek vare på anleggshistoria

Aura-utbygginga tidleg på 1950–talet, var i si tid Norges største kraftutbygging. Straumen som vart produsert var grunnlaget for bygging av aluminiumsverket på Sunndalsøra. Aursjømagasinet ligg midt i kjerneområdet til Eresfjord og Vistdal Statsallmenning.

Tidligare har Nesset Fjellstyre restaurert ei gamal boligbrakke. Den vert i dag nytta til ei fotoutstilling.  Den syner menneskelig aktivitet i og rundt Aursjøen frå tidleg steinalder fram til i dag. Nesset fjellstyre har i år sett i gang arbeidet med restaurering av ei endå ei brakke som vart nytta under Aurautbygginga. Den vart dradd på snøen frå anlegg til anlegg og nytta som kvilebrakke. Det er meininga at den skal syne dei enkle kåra anleggsbusen arbeidde under og gje plass til fleire illustrasjonsfoto.  Den vil stå mellom boligbrakka og den gamle verkstadhallen som og er bevart. Til saman vil desse bygningane utgjere eit lite miljø frå anleggstida. Arbeidet vert gjort med stønad frå m.a. Nesset kommune, Statkraft og Statskog.

Fjelloppsyn Dag Ringstad i Nesset Fjellstyre framfor kvilebrakka som skal restaurerast.JPG
Åshild G. Rye