Rekordlav felling i Nesset under reinsjakta

I år gøymde reinen seg godt under reinsjakta i Nesset. Av ein kvote på 138 dyr vart det felt 42. Det gir ei felling på 30,4 %. Høgast felling hadde Eikesdal Sameige med 38,9 %, Eresfjord og Vistdal Statsallmenning 27 %, Vike og Hoem Heimraster 25 % og Øverås og Nerås Grunneigarlag 0 %. Fyrste veka vart det felt 9 dyr, andre veka 14 dyr, tredje veka 11 dyr og fjerde veka 8 dyr.

DSCN5054.JPG
Åshild G. Rye