Endring av minstemål på fiskegarn i Aursjøen

Statkraft har av fiskeforvaltaren i Innlandet, som har forvaltningsansvaret for Aursjøen, pålegg om å setje ut 2 årig smolt i Aursjøen. Denne fisken er omlag 20-25 cm. Både Lesja Fjellstyre og Eresfjord og Vistdal Fjellstyre har i sine fiskereglar hatt eit minstemål på garn på minimum 36 mm. Den nyutsette smolten vert lett tatt i desse garna. Smolten er fora på oppdrettsfor og er ikkje matfisk den fyrste tida.. Lesja Fjellstyre har difor gjort vedtak på at alle fiskegarn i Aursjøen i løpet av 4 år, frå og med 2021, skal ha eit minstemål på minimum 39 mm. Dette vart diskutert på sist styremøte i Eresfjord og Vistdal Fjellstyre og det vart gjort fylgjande vedtak:

“Eresfjord og Vistdal Fjellstyre vil samordne med Lesja Fjellstyre reglane for garnfiske i Aursjøen slik at i år 2024 skal alle garn ha minimum maskevidde på 39 mm. I 2022 skal kvart tredje garn ha slik vidde, i 2023 to av tre garn. “

Overgangsregelen er for at dei som har mange garn kan fordele innkjøp av nye garn over fleire år.

Åshild G. Rye