Kongsvardens datter og Kongsvardens sønn

På grensa mellom Lesja kommune og noverande Molde kommune stod der på ein holme i Aursjøen ein varde kalla Kongsvarden. Denne vart neddemt under Aurareguleringa og står no på 25 djup når Aursjøen er full. Eresfjord og Vistdal Fjellstyre har i år fullført bygginga av to vardar, ein på kvar side av Aursjøen omlag på grensa. På austsida “Kongsvardens datter” og på vestsida “Kongsvardens sønn”. Vardane er 80 x 80 cm, og 100 cm høge. Dette er same mål som vart brukt på grensevardar tidligare.

“Før Harald Hårfagre samla Norge til eit rike i 872 e.kr. var ”de to Mører og Raumsdal” eit jarledøme, saman med dei andre Vestlandsfylka. Grensa mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen hadde då ”verdighet og rang” som riksgrense. Denne grensa gjekk over ein holme i Aursjøen. På denne holmen stod, heilt fram til Aurautbygginga på 1950 talet, ein stor varde kalla Kongsvarden. Den har i uminnelege tider vore rekna som grensevarde, anten riksvarde, eller amtsvarde. Etter rikssamlinga i 872 e.kr. vart grensa omgjort til administrasjonsgrense mellom Aust og Vestlandet, og Kongsvarden vart amtsvarde.

 I slaget ved Svolder mot Sverige/Danmark i år 1000 fall kong Olav Trygvason og Sunnmøre, Romsdal og Trøndelag vart innlemma i Sverige. Kongsvarden vart riksvarde mellom Danmark og Sverige. Dette varte til 1017, då Olav den Heilage slutta fred med Sverige, og Norge vart på nytt eige rike.

 Under unionen med Danmark førte danskekongen krig mot Sverige. Danskekongen tapte fullstendig, og ved freden i Roskilde i 1658 måtte danskekongen avstå Trondhjems hovedlen til Sverige. Nordmøre vart dermed ein del av Sverige, og Kongsvarden vart igjen riksvarde, denne gongen berre for to år.

I avtalen som vart skreven skulle grensa gå der ”dend elf ørstub udfalder”.

 I lang tid har det vore grensestrid mellom Lesja og Nesset. Striden har dreidd seg om uttrykket ”dend elf ørstub udfalder”. Lesja har hevda at dette må vere der Aura slepper seg ned i Eikesdal, medan Nesset har meint at det må vere der Aursjøen struper seg saman og er smalast, Aurstrupen. Det er der grensa går i dag, over Kongsvarden.”

Kilde: Jørgen Olafsen Holm, Kongsvarden. Et tilbakesyn over grensespørsmål i Aursjøtraktene. 1957.

 

Åshild G. Rye