Utsetjing av fisk i Aursjøen

Som ein del av konsesjonsvilkåra har Statkraft sett ut om lag 3000 fisk på nordenden av Aursjøen ved demninga.

Fjellstyret oppmodar folk til å ikkje fiske i området ved demninga fram til fyrste juli. Dette er på grunn av at den utsette fisken enno ikkje er eigna som matfisk, da den er fôra opp på oppdrettsfôr. Den utsette fisken er fettfinneklipt. Fjellstyret minner om plikta til å sende inn fangstrapport. Dette for videre fiskeforvaltning og for å kunne sjå kor stor del av fisken som kjem frå Statkraft sitt klekkeri. Den utsette fisken såg ut til å vare i god kondisjon.

Åshild G. Rye