1. juli var det tid for vaktskifte av dagleg leiar i Eresfjord og Vistdal Fjellstyre

1. juli var det tid for vaktskifte av dagleg leiar i Eresfjord og Vistdal Fjellstyre.

Vi takkar Dag Ringstad så mykje for godt arbeid på mange felt gjennom 20 år. Dag har i tillegg til oppsynsarbeid og administrative oppgåver m.a. skjøtta hyttene våre på ein framifrå måte, han har merka stiar og rydda opp gammalt skrap/ søppel i fjellet. Sist no så har han sett opp to vardar, ein på kvar side av Aursjøen, som erstatning for Kongsvarden som er neddemt. Dei har fått namnet Kongens sønn og kongens datter. Dag har utført arbeidet sitt med stor lojalitet til dei verdiane fjellstyret forvaltar, og han har møtt folk i fjell og fjøre med eit smil.

Fjellstyret ønskjer Dag alt godt for pensjonistlivet!

Hjarteleg velkommen til Åshild Gåsvatn Rye, som no tek over som dagleg leiar og fjelloppsyn. Vi vonar ho vil trivast i området vårt, og at vi får eit godt samarbeid.

Lukke til med arbeidet.

På vegne av Eresfjord og Vistdal Fjellstyre

Toril Melheim Strand.

Dag Ringstad med trufast medarbeidar Diki.

Åshild G. Rye