Nesset Fjellstyre opnar for småviltjakt i 2017

Fjellrype. Foto Dag Ringstad-1.JPG

Nesset Fjellstyre gjorde på styremøte 9. juni vedtak på at dei vil opne for småviltjakt i 2017. Som kjent vart småviltjakta i 2017 stengt p.g.a lite ryper. Styret vil opne for jakt frå 18. september til 23. desember.

Som før vert det ein kvote på to ryper pr. jeger pr. dag. Eigne observasjonar, og meldingar frå våre naboområder, tyder på at det er bra med ryper i år. Dersom det likevel syner seg at kyllingproduksjonen får eit krakk, så kan leiar saman oppsyn stenge jakta. Jaktkort vert lagt ut for salg på Inatur, og hjå nokre få forhandlarar. Det vert og salg av jaktkort for småviltjakt med hund. To kort pr. periode i tre avgrensa område, i alt 4 kort pr. veke. Den som ynskjer samåviltjakt med hund må kontakte Nesset Fjellstyre.

Gasta Design