Minimumstelling av rein vinteren 2022

Resultatet av minimumstellinga av rein 3. mars i Snøhetta er no klart. På vest vart det funne 395 dyr, på aust 1474 dyr. Sjå kart og posisjon til flokkane og flokkstorleikar. På vest vart det funne 6 flokkar, to reine bukkeflokkar, to små blandingsflokkar, ein stor fostringsflokk og ein liten flokk med fostringsdyr. Forholda var gode på vestområdet. I høve til fjoråret manglar vi 130 dyr. Vi får berre håpe at der er dyr i dei områda som ikkje vart kontrollert. På aust var det varierande forhold og mykje avblåst. Veit i ettertid at der var det flokkar på aust som ikkje vart telt.

Åshild G. Rye