Liten auke i jaktkvoten på rein i Snøhetta vest

mardalsbotnen.jpg

På årsmøtet i Snøhetta villreinutval vart det bestemt at jaktkvoten på rein i Snøhetta vest skal auke frå 180 dyr til 200 dyr. I Snøhetta aust vert kvoten minka frå 1100 dyr til 1000 dyr.

Det vart og bestemt at jakttida vert f.o.m. 20. august t.o.m. 17. september. Det er 5 dagar mindre enn det jakttida har vore dei siste åra, men likevel to dagar meir enn normalt. Det vert ikkje felles jaktdagar på slutten av jakta, korkje på aust, eller vest. Grensene for det indre felles jaktområdet på aust vert som før med opning 27. august. For Eresfjord og Vistdal statsallmenning gjeld dei overgangsavtalane vi har med Rauma, Lesja, Sunndal og dei private grunneigarane i Nesset som før.

Kvotefordelinga på vest vert 20 % fritt dyr, 20 % klyftbukk, 30 % simle/ungdyr og 30 % kalv. På aust vert kvotefordelinga 10 % fritt dyr, 25 % klyftbukk, 32,5 % simle/ungdyr og 32,5 % kalv. Årsaka til at det skal skytast mindre med bukk på aust er at det vart observert mindre med bukk under strukturtellinga i haust.

Vedtaka som vart gjort på årsmøtet skal godkjennast av Villreinnemda og kan bli endra.

Gasta Design