Fangstrapportering, småviltjakt og fiske 2018

26.6.2014 096.JPG

Nesset Fjellstyre trekker kvart år ut to stykker av dei som sender inn fangstrapport etter fiske- og småviltjakta. Dei får ein premie på kr. 500 kvar. I år vart Øystein Nerbø (fiske) og Kjell Ove Kvasnes (småviltjakt) trekt ut. Takk til alle som sendte inn fangstrapportar. Det er viktig for vår forvaltning.

Trass i tidleg snøfall fikk vi inn 92 fangstrapportar etter småviltjakta. Det vart i alt felt 90 fjellryper, 5 harar og 36 liryper. Det er bra, og over snittet dei siste åra.

Fangstrapportane syner at det er stort sett god kvalitet på fisken i mange av vatna. Aursjøen har ein gjennomsnitt på litt under 500 g. Det er fin fisk. Vi slit med å få inn meldingar på om fiskane er fettfinneklipt eller ikkje. Fettfinneklipt fisk vert sett ut av Statkraft. Det er viktig at vi finn balansen mellom utsett fisk, og naturleg gyting. Då kan kvaliteten bli endå betre.

Åshild G. Rye