Nesset Fjellstyre endrar namn til Eresfjord og Vistdal Fjellstyre

Nesset Fjellstyre har tidligare gjort vedtak på at fjellstyret frå 1.1.2020 skal endre namn til Eresfjord og Vistdal Fjellstyre. Dette som eit resultat av samanslåing av kommunane Nesset, Molde og Misund. Eresfjord og Vistdal Fjellstyre får tilbake det namnet det hadde frå starten av rundt 1927 og fram til kommunesamanslåinga mellom Nesset og Eresfjord og Vistdal kommuner i 1964. Fjellstyret får no same namnet som statsallmenninga. Å skifte eit namn på ein organisassjon er ein omstendelig prosess, og i ein overgang vil begge namna bli brukte.

Eresfjord-og-Vistdal-Fjellstyre-logo.jpg
Åshild G. Rye